III Rutiner

Daglege rutiner omfattar:

Ordførar 
Rådmann

Stab/støtte
- Seksjon for forvaltning 
- Seksjon for økonomi og finans 
- Seksjon for strategi, utvikling og prosjekt 
- Seksjon for personal og organisasjonsutvikling 

Einingar
- Byggesak, landbruk og arealforvaltning - BLA
- Eigedom og teknisk drift - ETD
- Sosialtenester
- Tiltakstenester for barn og unge - TBU 
  (barnevern, helsestasjon/jordmor og PPT) 
- Ytre omsorgsdistrikt - OMY
- Indre omsorgsdistrikt - OMI
- Grunnskuletenester
- Barnehagetenester
- Helsetenester 
  (psykiatri, kommunelege og fysio- og ergoterapi)

Kommunen sitt sak-/arkivsystem er Acos Websak versjon 6.8.8783, Noark 4-standard. Dette systemet har kommunen brukt sidan 1. mars 2008. Frå 1996 og fram til mars 2008 var arkivsystemet K-2000. I dag ligg K-2000 i historisk database til oppslag. Oppslaget er berre tilgjengeleg for arkivtenesta. Saksbehandlar må derfor ta kontakt med arkivtenesta om ein ønskjer innsyn i dokument.

Haram kommune har eit fullelektronisk system, og frå 2008 har all arkivverdig post blitt skanna. Det er ikkje krav om å ta vare på papirversjonar. Byggesøknader i papirversjon vert likevel tekne vare på i eitt år for sikring.

Laster...